Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dei ni iranarane som risikerer å bli steina (24.07.08)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen, som nettopp har stadfest overfor Iran at han er imot dødsstraff under alle omstende, er djupt bekymra over at åtte iranske kvinner og ein iransk mann er dømde til steining, og at avrettinga av dei er nært føreståande.

Unionen minner om at Den islamske republikken Iran har lova å innføre eit moratorium på steining.

Den europeiske unionen ber Iran innstendig om å rette seg etter sine tilsegner og internasjonale menneskerettsstandardar.
 
Den europeiske unionen oppmodar regjeringa og nasjonalforsamlinga i Iran om å avskaffe bruken av umenneskeleg og nedverdigande straff, både i lovverket og i praksis, og særleg bruken av steining som avrettingsmetode, i samsvar med den siste resolusjonen om menneskerettssituasjonen i Den islamske republikken Iran som blei vedteken av FNs generalforsamling i desember 2007.

Den europeiske unionen ber innstendig om at Iran omgåande må setje ein stoppar for desse avrettingane og gjere om dommane på død ved steining som nettopp er sagde.

Kandidatlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina og Republikken Moldova stiller seg bak denne erklæringa. 

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.