Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske union om dei iranske rakettprøvane (11.07.08)

Den europeiske unionen uttrykkjer uro over at Iran først 9. og deretter 10. juli gjennomførte prøvar med kort- og langdistanserakettar.

Slike rakettprøvar kan berre gjere verdssamfunnet meir uroa i ei tid då Iran enno ikkje har tryggingsrådsresolusjon 1696, 1737, 1747 og 1803 ut i livet, og særleg ikkje har innstilt dei sensitive kjernefysiske aktivitetane sine.

EU ber Iran innstendig om å rette seg etter krava frå eit samla verdssamfunn, slik dei kjem til uttrykk i tryggingsrådsresolusjonane, slik at det kan finnast ei forhandlingsløysing på atomspørsmålet.
 
Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina og Republikken Moldova stiller seg bak denne erklæringa. 

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.