Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Tibet (19.03.08)

EU er djupt uroa over stadige meldingane om uro i Tibet og uttrykkjer si djupaste medkjensle med familiane til ofra. EU søkjer aktivt ei ytterlegare avklaring om situasjonen frå den kinesiske regjeringa.

EU er djupt uroa over stadige meldingane om uro i Tibet og uttrykkjer si djupaste medkjensle med familiane til ofra. EU søkjer aktivt ei ytterlegare avklaring om situasjonen frå den kinesiske regjeringa.

EU oppmodar alle sider om å vise måtehald. Vi ber dei kinesiske styresmaktene innstendig om å avstå frå å bruke makt mot dei som er involverte i uroa, og ber demonstrantane la vere å bruke vald.

EU understrekar si sterke vektlegging av ytringsfridom og retten til fredeleg protest. Vi ber kinesiske styresmakter reagere på demonstrasjonane i tråd med internasjonalt godtekne demokratiske prinsipp.

EU støttar fullt og heilt opp om ei fredeleg forsoning mellom kinesiske styresmakter og Dalai Lama og hans representantar. EU ber den kinesiske regjeringa innstendig om å ta tibetanarane på alvor når dei uttrykkjer uro over menneskerettssituasjonen.

EU oppmuntrar begge sider til å gå inn i ein materiell og konstruktiv dialog med sikte på å nå fram til ei berekraftig løysing som alle kan godta, og som fullt ut respekterer tibetansk kultur, religion og identitet.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.