Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om politiske fangar i Eritrea (18.09.08)

Noreg har slutta seg til ei erklæring frå EU om tilhøvet for politiske fangar i Eritrea.

Den 18. september 2001 vart ei gruppe på elleve framståande medlemmer av parlamentet og Folkefronten for demokrati og rettferd, det einaste politiske partiet i Eritrea, arrestert. Nokre dagar seinare vart òg ti uavhengige journalistar arresterte. Sidan har fleire personar vorte fengsla og internerte utan kontakt med omverda, utan at nokon tiltale er lagt fram for dei, og utan omsyn til rettstryggleiken som dei har krav på. 

Trass i ei rekkje appellar frå det internasjonale samfunnet, m.a. frå EU, og frå fleire mellomstatlege og frivillige menneskerettsorganisasjonar, sit desse fangane framleis internerte, utan å ha vorte skulda for noko lovbrot, og utan at dei har fått høve til å forsvare seg i ein fri og upartisk rettsprosess. Ingen av dei har vorte forhøyrt av nokon rettsinstitusjon, sjølv om lovene i Eritrea krev at dette skal gjerast innan 48 timar. 

Denne behandlinga, saman med mangelen på informasjon om kor dei er internerte, kva forhold dei lever under, og korleis helsetilstanden deira er, er eit brot på dei forpliktingane Eritrea har etter fleire internasjonale avtalar som regjeringa i Eritrea har ratifisert, m.a. FN-konvensjonen  om sivile og politiske rettar, og etter andre internasjonale erklæringar, som f.eks. resolusjon nr. 45/111 om grunnleggjande prinsipp for behandling av fangar, som vart vedteken av FNs generalforsamling 14. desember 1990. 

Den europeiske unionen er djupt uroa over at regjeringa i Eritrea held fram med å krenkje grunnleggjande menneskerettar, stikk i strid med dei forpliktingar landet har både etter eritreisk og internasjonal lovgjeving. Den europeiske unionen seier seg svært lei for at det framleis ikkje er nokon framgang i denne saka, og rettar ei inntrengjande oppmoding til regjeringa i Eritrea om å leggje fram opplysningar om kor dei internerte vert haldne, kva tilhøve dei lever under, og korleis helsetilstanden deira er. Vidare oppmodar Den europeiske unionen regjeringa i Eritrea innstendig om å gje familiane deira, representantar for retts­systemet og dei lækjarane dei sjølve ønskjer å snakke med, tilgang til fangane. Den europeiske unionen ber òg regjeringa om å sleppe fri alle politiske fangar utan vilkår. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina, Republikken Moldova og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.  

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.