Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter avrettinga av tre personar som var dømde til døden i Japan (12.09.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Noreg har slutta seg til ei erklæring frå EU om Japan etter henrettinga av tre japanarar.

Den europeiske unionen er djupt uroa over kunngjeringa frå dei japanske styresmaktene om at tre personar som hadde fått dødsdom - Yoshiyuki Mantani, 68 år, Mineteru Yamamoto, 68 år, og Isamu Hirano, 61 år - har vorte avretta ved henging.

Det aukande talet avrettingar i Japan stadfester ei særs urovekkjande utvikling i ei tid då meir enn 100 fangar sit på avdelinga for dødsdømde. 

EU stadfester på nytt sin motstand mot dødsstraff under alle omstende, og går inn for å avskaffe dødsstraffa over heile verda, med innføring av eit verdsomspennande moratorium som eit første steg. EU meiner at ei fjerning av dødsstraffa er grunnleggjande for vernet av den menneskelege sjølvrespekten og for ei gradvis utvikling av menneskerettane. Alle tilfelle av feil domsavseiing der det vert nytta dødsstraff, inneber eit uoppretteleg tap av menneskeliv. Ikkje noko rettssystem er feilfritt, og det finst ingen påliteleg dokumentasjon på at dødsstraffa har nokon spesiell avskrekkande effekt. 

Den europeiske unionen ber difor Japan om å innføre eit nytt moratorium for avrettingar, slik det var før 25. desember 2006, og vurdere å avskaffe dødsstraffa. 

I den samanhengen minner EU om at FNs generalforsamling 18. desember 2007 vedtok ein resolusjon om eit moratorium for bruk av dødsstraff, der FN uttrykkeleg oppmodar alle statar som framleis brukar dødsstraffa, om å opprette eit moratorium for avrettingar, med sikte på å avskaffe denne straffemetoden. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina, sluttar seg til denne erklæringa.  

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen