Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Mauritania (10.09.08)

Noreg har slutta seg til ei erklæring frå EU om Mauritania.

Den europeiske unionen minner om at dei tiltaka som vart sette i verk av dei militære leiarane som tok makta i Mauritania, og særleg avsetjinga av republikkens president, er ei openberr krenking av den mauritanske grunnlova.

Den europeiske unionen oppmodar på nytt, slik unionen har gjort det sidan kuppet 6. august 2008, om at president Abdallahi straks vert sett fri, og at landet snarast vender attende til det grunnlovsfesta styresettet. Særleg er det viktig at resultatet frå presidentvalet i 2007 vert respektert. Dette valet vart gjennomført på ein open og demokratisk måte, som vart godt motteken av det internasjonale samfunnet.

Den europeiske unionen ber innstendig juntaen og alle politiske leiarar i Mauritania om snarast råd å innleie eit samarbeid med Den afrikanske unionen, Den europeiske unionen og det internasjonale samfunnet, for å finne ei rask løysing på krisa.

Den europeiske unionen understrekar på nytt sin vilje til å spele ei aktiv rolle for å løyse krisa gjennom dialog. Unionen vil trekkje dei nødvendige konklusjonar dersom juntaen ikkje ved første høve syner teikn til å vilje gjenreise demokratiet.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og Efta-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.