Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om drapa på tre unge jenter i Pakistan (16.09.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Noreg har slutta seg til ei erklæring frå EU som protesterer mot drap på tre unge jenter i Baluchistan.

Den europeiske unionen er opprørt over drapa på tre unge jenter i provinsen Baluchistan i Pakistan, som vart drepne av slektningar fordi dei sjølve ville velje kven dei skulle gifte seg med. 

Den europeiske unionen ber om at det vert gjennomført full etterforsking av denne saka. EU har merkt seg at regjeringa i Pakistan har sett i gang ei nasjonal gransking. Unionen meiner det er heilt avgjerande at dei som er ansvarlege for desse avskyelege handlingane, vert stilte for retten, og at retten til erstatning vert stadfest.  

Den europeiske unionen vil på nytt uttrykkje si djupe uro over dei ekstreme formene for vald mot kvinner som det vert rapportert om i Pakistan. 

EU rettar ei inntrengjande oppmoding til Pakistan om å etterleve landets internasjonale forpliktingar når det gjeld menneskerettar, og særleg Konvensjonen om avskaffing av alle former for diskriminering mot kvinner, som Pakistan er part i. EU oppmodar den pakistanske regjeringa om å treffe tiltak for å avskaffe alle former for diskriminering mot kvinner, og trappe opp kampen mot straff-fritak for slike brotsverk. 

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.  

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.