Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Taiwan (19.09.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg har slutta seg til ei erklæring frå EU der unionen stadfester sin "eitt kina"-politikk.

Den europeiske unionen stadfester på nytt sin "eitt Kina"-politikk. Unionen støttar ikkje taiwansk medlemskap i internasjonale organisasjonar som krev at medlemmene har status som sjølvstendige statar.

Den europeiske unionen seier seg glad for det arbeidet som er gjort på begge sider for å betre relasjonane over Taiwan-sundet, særleg avtalane om lufttransport og turisme. EU rosar viljen på begge sider til å vidareføre og utvide desse diskusjonane i månadene som kjem, noko som vil medverke til å auke stabiliteten og styrkje tryggleiken i Aust-Asia.

Den europeiske unionen noterer seg at dei taiwanske styresmaktene har teke i bruk ein ny strategi, som går ut på å fremje "meiningsfull medverknad" frå Taiwan si side i internasjonale aktivitetar. EU stadfester på nytt si støtte til Taiwans deltaking i spesialiserte multilaterale fora, særleg der medverknad frå Taiwan si side er viktig for EU og for det internasjonale samfunnet sine interesser, og unionen oppmodar begge sider om å arbeide for ei løysing på dette spørsmålet gjennom dialog.

Den europeiske unionen håpar særleg at det kan gjennomførast konkrete tiltak, gjennom dialog mellom dei to sidene, slik at folket i Taiwan på ein meiningsfull måte kan delta i gjennomføringa av det internasjonale helseregulativet.