Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om utplasseringa av EULEX (27.11.08)

EU ser positivt på semja som blei oppnådd i FNs tryggingsråd i går, 26. november 2008, om å utplassere EULEX i heile Kosovo, og ser positivt på at Tryggingsrådet har vedteke ei presidenterklæring til støtte for den rekonfigureringa generalsekretæren i FN har teke initiativ til.

EU ser positivt på semja som blei oppnådd i FNs tryggingsråd i går, 26. november 2008, om å utplassere EULEX i heile Kosovo, og ser positivt på at Tryggingsrådet har vedteke ei presidenterklæring til støtte for den rekonfigureringa generalsekretæren i FN har teke initiativ til.

Tryggingsrådet understreka òg at det internasjonale samfunnet verdset den innsatsen EU har gjort for å bidra til stabilitet på Vest-Balkan ved å tilby landa der eit europeisk perspektiv.

EU nyttar høvet til å minne om at unionen legg stor vekt på regional stabilitet. I denne samanhengen støttar unionen fullt opp om det europeiske perspektivet til landa på Vest-Balkan og minner om konklusjonane Det europeiske rådet kom fram til den 19. og 20. november 2008, der det heiter at ”Serbia kan akselerere tilnærminga til EU, mellom anna med søkjarlandstatus, så snart alle nødvendige vilkår er oppfylte”.

EU ser positivt på framgangen i førebuingane til utplasseringa av EULEX-oppdraget. Unionen ser fram til at styresmaktene i Beograd skal stadfeste at dei støttar oppdraget. Unionen ser positivt på støtta frå styresmaktene i Pristina og det framifrå samarbeidet mellom EULEX og institusjonane i Kosovo på rettsstatsområdet. Ein tett partnarskap mellom EULEX og institusjonane i Kosovo er avgjerande for at oppdraget skal lukkast, slik det er definert i Felles handling 2008/124/PESC.

I utøvinga av sitt mandat vil EULEX-oppdraget i Kosovo fullt ut respektere tryggingsrådsresolusjon 1244 (1999) og operere under overordna oppsyn av FN og innanfor det statusnøytrale FN-rammene.

EU stadfester at den siste utviklinga banar veg for at EULEX Kosovo snart kan erklærast for å ha nådd førebels operativ evne. Oppdraget må raskt kunne ta på seg sine oppgåver over heile Kosovo i samarbeid med dei aktuelle styresmaktene og dei andre internasjonale organisasjonane i området.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.
 
* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.