Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Georgia (21.04.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU ser med stor uro på utviklinga i dei georgiske konfliktområda den seinare tida, særleg det siste vedtaket Den russiske føderasjonen har gjort, og som den russiske utanriksministeren kunngjorde 16. april 2008, om å etablere offisielle band til institusjonar hos defactostyresmaktene i Sør-Ossetia og Abkhasia utan samtykke frå regjeringa i Georgia.

EU ser med stor uro på utviklinga i dei georgiske konfliktområda den seinare tida, særleg det siste vedtaket Den russiske føderasjonen har gjort, og som den russiske utanriksministeren kunngjorde 16. april 2008, om å etablere offisielle band til institusjonar hos defactostyresmaktene i Sør-Ossetia og Abkhasia utan samtykke frå regjeringa i Georgia.

EU gjentek si fulle støtte til georgisk suverenitet og territorial integritet innanfor dei internasjonalt godtekne grensene som FNs tryggingsråd stadfeste i resolusjon 1808 den 15. april 2008. Med det nye vedtaket set Den russiske føderasjonen gjennomføringa av desse prinsippa i fare. EU oppmodar Den russiske føderasjonen om ikkje å setje vedtaket ut i livet.

Vidare meiner EU at dette vedtaket kan auke spenninga ytterlegare og undergrev den internasjonale fredsinnsatsen som Den russiske føderasjonen òg deltek i.

EU støttar framleis den innsatsen internasjonale aktørar gjer for ei fredeleg løysing på konfliktane i Abkhasia og Sør-Ossetia; for Abkhasia sin del særleg FN-innsatsen med støtte frå vennegruppa i UNSG og arbeidet Den russiske føderasjonen gjer som tilretteleggjar, i Sør-Ossetia særleg OSSE.

EU ber alle involverte partar innstendig om ikkje å gjere noko som kan føre til ei opptrapping av situasjonen i regionen. EU ser positivt på at den georgiske presidenten har lansert ein nytt initiativ til ei fredeleg løysing på konflikten i Abkhasia i Georgia, og håpar at det vil medverke til ein konstruktiv dialog i saka. EU står parat til å ta del i denne innsatsen. I den samanhengen kjem både spesialrepresentanten for EU og Den europeiske kommisjonen til å arbeide vidare med å setje EU-pakken med tillitsskapande tiltak til støtte for konfliktløysing i Georgia ut i livet. EU vil følgje med på gjennomføringa av dei tillitsskapande tiltaka og på situasjonen i Georgia.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Aserbajdsjan stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.