Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om presidentvalet i Georgia 5. januar 2008 (08.01.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Presidentvalet 5. januar 2008 var ein viktig prøve på demokratiet og stabiliteten i Georgia, særleg sett i lys av den politiske utviklinga i landet den seinare tida.

Presidentvalet 5. januar 2008 var ein viktig prøve på demokratiet og stabiliteten i Georgia, særleg sett i lys av den politiske utviklinga i landet den seinare tida.

Den europeiske unionen gratulerer det georgiske folket med den fredelege gjennomføringa av valet. EU merkjer seg dei funna og konklusjonane det internasjonale valobservatørkorpset førebels har rapportert, som viser at valet i hovudsak vart gjennomført i samsvar med dei fleste normene og krava OSSE og Europarådet har fastsett for demokratiske val. EU ser dessutan positivt på det gode samarbeidet mellom dei georgiske styresmaktene og observatørkorpset frå OSSE-kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar, ODIHR. Men Den europeiske unionen merkjer seg òg at det blei avdekt store utfordringar som det hastar med å løyse.

Den europeiske unionen tek sterkt til orde for at Georgia må setje i verk alle nødvendige tiltak for å rette på dei påviste manglane slik at eit vellukka parlamentsval kan avviklast seinare i år. Særleg må Georgia gjere meir for å sikre at statsinstitusjonane opptrer uavhengig i ein valkampsituasjon, og for å styrkje mediemangfaldet og mediefridommen og den frie stillinga til domstolane.

Den europeiske unionen ser fram til å få det endelege resultatet av presidentvalet og oppmodar dei rette styresmaktene til å sikre at alle klager straks blir behandla på ein tilfredsstillande måte. Vidare oppmodar EU sterkt om at alle politiske krefter må respektere valresultatet og engasjere seg konstruktivt og demokratisk for å sikre vidare framgang i Georgia. Dialog mellom politiske krefter er ein vesentleg del av denne prosessen. Vidare forpliktar Den europeiske unionen seg på ny til å styrkje samkvemmet med Georgia i samband med gjennomføringa av handlingsplanen for ein europeisk naboskapspolitikk.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova og Armenia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen