Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avgjerda til den guatemalanske presidenten om å leggje ned veto mot lova om gjeninnføring av dødsstraff (01.04.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen ser positivt på avgjerda til den guatemalanske presidenten Alvaro Colom, som fredag 14. mars 2008 la ned veto mot eit lovforslag som kunne ha betydd gjeninnføring av dødsstraff i Guatemala ved at presidenten fekk fullmakt til å omgjere dødsdommar.

Den europeiske unionen ser positivt på avgjerda til den guatemalanske presidenten Alvaro Colom, som fredag 14. mars 2008 la ned veto mot eit lovforslag som kunne ha betydd gjeninnføring av dødsstraff i Guatemala ved at presidenten fekk fullmakt til å omgjere dødsdommar.

Hadde lovforslaget gått gjennom, ville det i praksis ha vore slutten på det moratoriet på dødsstraff som de facto har vore i kraft i Guatemala sidan 2000.

Den europeiske unionen ser på vedtaket til president Colom som ei svært positiv utvikling. Resolusjonen frå generalforsamlinga i FN om bruk av dødsstraff, som Guatemala støtta i desember 2007, oppmodar uttrykkjeleg dei medlemsstatane som har avskaffa dødsstraffa, til ikkje å gjeninnføre slik straff. Tilsvarande er det klart at statar med moratorium på bruk av dødsstraff blir oppmoda om ikkje å endre standpunkt ved å gjeninnføre bruk av dødsstraff.

Den europeiske unionen forventar at dei guatemalanske lovgjevarane ikkje overprøver president Coloms vedtak med to tredels fleirtal.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.