Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga av Reza Hejazi (25.08.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste avrettinga i Isfahan tysdag 19. august av Reza Hejazi, som var dømt for eit drap han skal ha utført i 2004, då han var 15 år gammal.

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste avrettinga i Isfahan tysdag 19. august av Reza Hejazi, som var dømt for eit drap han skal ha utført i 2004, då han var 15 år gammal. 

EU er svært uroa over denne meldinga, som inneber at talet på avrettingar i Iran sidan byrjinga av året, for brotsverk som er utførte medan gjerningsmannen var mindreårig, no er kome opp i fem.

Desse avrettingane er klart i strid med Irans forpliktingar og tilsegner, slik dei uttrykkeleg er slegne fast i Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar og i Barnekonvensjonen, som forbyr avretting av mindreårige eller personar som er dømde for brotsverk dei gjorde seg skyldige i som mindreårige.

Den europeiske unionen oppmodar innstendig Iran til å bringe si lovgjeving og sin rettspraksis i samsvar med desse dokumenta, som landet av eigen fri vilje har vedteke og ratifisert.

Formannskapet i EU rettar på nytt, slik det gjorde i sterke ordelag i si erklæring 19. august, ei inntrengjande oppmoding til Den islamske republikken Iran om å finne ein eigna måte å behandle unge lovbrytarar på, som f.eks. bruk av ungdomsdomstolar og dommar som i hovudsak tek sikte på å ha ein oppdragande verknad og leggje til rette for sosial rehabilitering.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.