Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om antiisraelske utsegner den seinare tida (25.02.08)

EU fordømmer i dei sterkaste ordelag utsegnene frå den iranske presidenten Ahmdinejad, talsmannen for den iranske nasjonalforsamlinga Majlis, Haddad Adel, den iranske utanriksministeren Mottaki og sjefen for den islamske revolusjonsgarden, Jafari.

Kommentarane dei har retta mot Israel, er uakseptable, skadelege og usiviliserte. EU oppmodar Iran om å slutte med fiendtleg retorikk og avstå frå alle truslar mot andre statar som er medlemmer av det internasjonale samfunnet.

EU oppmodar på ny dei iranske leiarane om å støtte ei tostatsløysing på Palestina-konflikten og å søkje varig fred mellom Israel og nabolanda.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.