Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om øydelegginga av hus i Aust-Jerusalem (10.11.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen uttrykkjer djup uro over rivinga av palestinske hus som dei israelske styresmaktene har sett i verk i fleire delar av Aust-Jerusalem den siste tida.

Den europeiske unionen uttrykkjer djup uro over rivinga av palestinske hus som dei israelske styresmaktene har sett i verk i fleire delar av Aust-Jerusalem den siste tida.

Den europeiske unionen minner om at desse operasjonane, som har alvorleg innverknad på liva til dei som bur i desse områda, er ulovlege etter folkeretten, og oppmodar dei israelske styresmaktene om å innstille operasjonane så snart som mogeleg.

Den europeiske unionen oppmodar i den samanhengen òg Israel om å avstå frå alle einsidige tiltak, særleg i Jerusalem, som kan innverke på utfallet av forhandlingane om den endelege statusen til byen.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Armenia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.