Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Kenya (16.04.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen seier seg glad for avtalen mellom Kenyas president Kibaki og opposisjonsleiaren Odinga om å skipe ei koalisjonsregjering. Som partnarar i ei koalisjonsregjering viser leiarane i Kenya vilje til å samarbeide i god tru, for å fremje dei større interessene til heile nasjonen.

Koalisjonsregjeringa gjev leiarane i Kenya ein reiskap til å vidareføre arbeidet med nasjonal forsoning og dialog, som dei vart samde om 28. februar. EU ser fram til å samarbeide med den nye regjeringa i Kenya, og er reie til å hjelpe regjeringa med å gjennomføre eit heilskapleg og omfattande reformprogram, som skal ta for seg dei grunnleggjande årsakene til konfliktane som stadig blussar opp, og skape eit betre, tryggare og meir velståande Kenya.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.