Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Kenya (08.04.08)

Den europeiske unionen og dei andre internasjonale partnarane til Kenya såg positivt på maktdelingsavtalen som vart underteikna av den kenyanske presidenten Mwai Kibaki og opposisjonsleiaren Raila Odinga 28. februar.

Den europeiske unionen og dei andre internasjonale partnarane til Kenya såg positivt på maktdelingsavtalen som vart underteikna av den kenyanske presidenten Mwai Kibaki og opposisjonsleiaren Raila Odinga 28. februar.

Avtalen var eit viktig steg på vegen mot fred og forsoning innanfor den nasjonale dialogen som Panelet av framståande afrikanske personar under leiing av Kofi Annan stod som meklar for.

Den 2. april gav Kofi Annan uttrykk for alvorleg uro over at det ikkje hadde lukkast å setje saman og offentleggjere ei koalisjonsregjering. EU deler denne uroa og ber partane innstendig om å drive forsoningsarbeidet vidare framover ved snarast råd å danne ei autentisk og effektiv koalisjonsregjering som representerer ei reell maktdeling mellom partia i Kenya. Dette er ein avgjerande milestolpe som gjennomføringa av avtalen er avhengig av.

EU seier seg på ny forplikta til å støtte meiningsfylt maktdeling og å samarbeide med den nye kenyanske regjeringa, når ho er danna, for å få Kenya tilbake på rett kurs mot framgang og stabilitet.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.