Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om meklingsinnsatsen som AU har gjort i Kenya (14.01.08)

EU minner om si erklæring frå 8. januar 2008 og rosar president Kufuor, leiar for Den afrikanske unionen, for innsatsen han har gjort for å løyse den alvorlege krisa som oppstod etter presidentvalet i landet nyleg.

EU minner om si erklæring frå 8. januar 2008 og rosar president Kufuor, leiar for Den afrikanske unionen, for innsatsen han har gjort for å løyse den alvorlege krisa som oppstod etter presidentvalet i landet nyleg.

EU oppmodar alle partar til å byggje vidare på denne innsatsen og å arbeide saman mot ei varig politisk løysing på krisa under oppsyn av AU.

EU følgjer situasjonen i Kenya svært nøye og med stor uro.

EU uttrykkjer si fulle støtte til panelet av framståande afrikanske personar, under leiing av Kofi Annan, som skal samarbeide med dei kenyanske partia om å løyse usemja dei imellom og alle andre uavklarte spørsmål, mellom anna reformer i grunnlov og valsystem.

EU oppmodar alle partar til å engasjere seg sterkt og konstruktivt i denne prosessen og understrekar at det er deira ansvar å sikre ein omgåande stans i valdshandlingane, å få i stand ny dialog og å sikre ei løysing i samsvar med demokratiske standardar til beste for det kenyanske folket. Alle politiske parti i Kenya bør erkjenne at det ikkje kan bli normale tilstandar i landet før det er oppnådd eit politisk kompromiss som fører til ei varig løysing i tråd med viljen til det kenyanske folket, som har tillit hos folket og som er med på å skape ny stabilitet i Kenya.

EU minner om at valobservatørkorpset frå EU og andre uavhengige observatørar gjorde funn som sådde alvorleg tvil om dei offisielle resultata frå presidentvalet, og ber om at alle påstandar om uregelmessige innslag i gjennomføringa av valet blir følgde opp gjennom dei rette demokratiske og rettslege kanalane.

EU vil halde fram med å ta seg av dei humanitære behova til kenyanarar som er drivne bort frå heimane sine etter valdshandlingane i det siste, og står parat til å yte ytterlegare hjelp dersom det trengst.

For å sikre at freden, stabiliteten, demokratiet og rettsstaten kan gjenopprettast i Kenya, står EU parat til å støtte ein dialog- og forsoningsprosess i Kenya og å utfylle innsatsen til AU.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.