Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Komorane (25.01.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU minner om si støtte til dei tiltaka AU har sett i verk og til bevaring av Unionen Komorane som ein samla og intakt stat på grunnlag av Fomboni-avtalen (2001) og Moroni-avtalen (2003).

EU minner om si støtte til dei tiltaka AU har sett i verk og til bevaring av Unionen Komorane som ein samla og intakt stat på grunnlag av Fomboni-avtalen (2001) og Moroni-avtalen (2003).

EU understrekar at det er viktig å vidareføre ei fredeleg tilnærming til krisa, tufta på dialog, og å unngå ei forverring av den humanitære situasjonen. EU uttrykkjer si djupe uro over påstandane om menneskerettsbrot på øya Anjouan.

EU uttrykkjer si støtte til tiltak i AU-regi for å fremje ei fredeleg løysing på krisa og til organisering av nyval på Anjouan.

EU har merkt seg vedtaket om å forlengje AU-tiltaka mot Anjouan, som freds- og tryggingsrådet (PSC) i AU vedtok på møtet sitt 21. januar, med ytterlegare ein månad. EU er parat til å tilby AU hjelp med å gjennomføre dei restriktive tiltaka som PSC har sett i verk for å medverke til ei forhandlingsløysing på krisa.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.