Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Kviterussland (31.03.08)

Formannskapet på vegner av medlemsstatane i Den europeiske unionen seier seg djupt skuffa over arrestasjonen av eit stort tal deltakarar, særleg unge, og fordømmer valden som vart brukt for å spreie fredelege demonstrantar i samband med Fridomsdagen i Minsk og andre kviterussiske byar 25. mars.

Formannskapet på vegner av medlemsstatane i Den europeiske unionen seier seg djupt skuffa over arrestasjonen av eit stort tal deltakarar, særleg unge, og fordømmer valden som vart brukt for å spreie fredelege demonstrantar i samband med Fridomsdagen i Minsk og andre kviterussiske byar 25. mars.

Den europeiske unionen, som minner om at hovuddemonstrasjonen i Minsk var godkjend av byrådet i Minsk og gjekk fredeleg føre seg, oppmodar Kviterussland til omgåande å setje fri dei arresterte og å la vere å straffeforfølgje dei ytterlegare.

Den europeiske unionen har fleire gonger sagt seg villig til å utvikle konstruktive relasjonar med Kviterussland. Unionen har i positiv lei merkt seg at alle internasjonalt anerkjende politiske fangar i Kviterussland, så nær som ein, nyleg er sette fri. Som før nemnt ventar unionen at Aliaksander Kazulin, den siste politiske fangen som er att, blir sett fri omgåande og utan vilkår. Då kunne Den europeiske unionen ta til å trappe opp samkvemmet med Kviterussland.

For å forbetre relasjonane med Den europeiske unionen bør dei kviterussiske styresmaktene la vere å arrestere fleire og slutte å forfølgje representantane for det kviterussiske sivilsamfunnet. I denne samanhengen er hendingane den 25. mars og den landsomfattande pågripinga av lokale journalistar tilknytte utanlandske medium, som tok til 27. mars, særleg urovekkjande; det same er måten den amerikanske ambassadøren til Minsk og mange av staben hennar nyleg blei behandla på då dei måtte forlate Kviterussland på svært kort varsel. Den europeiske unionen håpar at Kviterussland no vil setje i verk snarlege og konkrete tiltak for å leggje til rette for ein positiv dynamikk i tilhøvet mellom Den europeiske unionen og Kviterussland.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.