Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om spenningane mellom Ecuador, Venezuela og Colombia (07.03.08)

Den europeiske unionen ser med uro på den aukande spenninga og oppmarsjen av væpna styrkar mellom Venezuela, Ecuador og Colombia. Unionen ber innstendig alle involverte partar om å vise atterhald og unngå all vidare opptrapping av den situasjonen som ligg føre i dag.

Den europeiske unionen oppmuntrar alle involverte land til å søkje ei politisk løysing gjennom dialog.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.