Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve Internasjonal dag for avskaffing av rasediskriminering 21. mars 2008 (21.03.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Nær 50 år etter ”Sharpeville-massakren” den 21. mars 1960 er bodskapen frå Internasjonal dag for avskaffing av rasediskriminering stadig like aktuell. Rasisme, framandfrykt og diskriminering er framleis eit problem, og det internasjonale samfunnet har framleis eit felles ansvar for å setje i verk mottiltak verda over.

Nær 50 år etter ”Sharpeville-massakren” den 21. mars 1960 er bodskapen frå Internasjonal dag for avskaffing av rasediskriminering stadig like aktuell. Rasisme, framandfrykt og diskriminering er framleis eit problem, og det internasjonale samfunnet har framleis eit felles ansvar for å setje i verk mottiltak verda over.

EU fordømmer på det sterkaste alle former for intoleranse, rasisme og rasebasert eller anna diskriminering. På grunnlag av det prinsippet at alle menneske er fødde frie og har same menneskeverd og rettar, set EU-charteret om grunnleggjande rettar uttrykkeleg forbod mot all diskriminering, både på grunnlag av kjønn, rase eller hudfarge, opphav, religion eller tru, personleg meining og seksuell orientering.

EU nyttar høvet til å påpeike sitt urokkelege engasjement mot alle former for intoleranse, rasisme og rasebasert og anna diskriminering, eit engasjement solid forankra i dei internasjonale menneskerettsstandardane som dannar grunnpilarane i kampen mot rasisme. EU ber igjen alle statar som enno ikkje har underteikna, ratifisert og/eller gjennomført den internasjonale konvensjonen om avskaffing av alle former for rasediskriminering, som er det viktigast folkerettslege dokumentet i denne samanhengen, om å gjere det.

For å kjempe mot rasisme, framandfrykt og diskriminering verda over samarbeider EU nært med alle relevante internasjonale aktørar og i alle relevante internasjonale forum, særleg FN, Europarådet, OSSE, Høgkommissæren for menneskerettane og aktuelle organisasjonar i det sivile samfunnet.

Europarådet, som engasjerer seg i kampen mot rasisme på europeisk nivå, har oppretta Europeisk kommisjon mot rasisme og intoleranse (ECRI), som mellom anna skal vedta politiske tilrådingar for regjeringane i medlemsstatane. Protokoll 12 til den europeiske menneskerettskonvensjonen forbyr alle former for diskriminering som utslag av handlingar i regi av suverene statar. Den europeiske menneskerettsdomstolen ser til at dette regelverket blir følgt. Sidan 2006 har tilleggsprotokollen til konvensjonen om datakriminalitet gjort det lettare å demme opp for spreiing av rasisme og framandfrykt gjennom datasystem.

I denne samanhengen er EU framleis fast forplikta til å nå måla som blei fastsette under verdskonferansen mot rasisme, rasediskriminering, framandfrykt og liknande diskriminering i Durban i Sør-Afrika i 2001. EU meiner at oppfølgingsprosessen etter Durban er eit høve til å fornye desse tilsegnene og derfor må fokusere på å styrkje gjennomføringa av tilsegnene frå Durban. Kampen mot rasisme og framandfrykt er framleis ei global utfordring som krev eit tilsvarande globalt svar. EU ber innstendig alle statar om å treffe effektive tiltak på nasjonalt, regionalt og internasjonalt nivå for å gjere slutt på rasisme, framandfrykt, diskriminering og andre former for intoleranse, og stadfester sin vilje til å samarbeide med alle land om å stå imot rasisme, framandfrykt, diskriminering og liknande former for intoleranse, same kvar dei førekjem.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.