Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter valet av president Kgalema Motlanthe (26.09.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen har følgt nøye med på den siste politiske utviklinga i Sør-Afrika, eit land som EU har etablert eit særs variert og fruktbart strategisk partnarskap med, noko resultata frå det første toppmøtet mellom Sør-Afrika og EU, som vart halde 25. juli i Bordeaux, vitnar om.

EU sender sine varmaste gratulasjonar til den nye presidenten i Republikken Sør-Afrika, Kgalema Motlanthe, og ønskjer han lykke til i arbeidet.

EU heidrar Thabo Mbeki for hans statsmannskunst. Hans arbeid har lagt til rette for utvikling av den sørafrikanske økonomien, garantert stabiliteten i landet og styrkt Sør-Afrikas internasjonale profil. EU rosar hans visjon om og inspirasjon til ein "afrikansk renessanse". Unionen takkar Thabo Mbeki for hans urokkelege personlege engasjement for stabilitet og fred i Afrika og for multilateralisme.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.