Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om underteikninga av den samla fredsavtalen for Sudan 9. januar 2005 (09.01.08)

Den europeiske unionen anerkjenner den samla fredsavtalen (CPA) som eit viktig dokument, og vil gje uttrykk for dette i høve treårsdagen for underteikninga.

Den europeiske unionen anerkjenner den samla fredsavtalen (CPA) som eit viktig dokument, og vil gje uttrykk for dette i høve treårsdagen for underteikninga.

CPA er ei historisk bragd av folket i Sudan. Fredsavtalen gjorde slutt på over to tiår med borgarkrig. Avtalen legg til rette for ei fredeleg og demokratisk omdanning og viser såleis veg framover for heile Sudan. Den europeiske unionen er overtydd om at partnarane i den nasjonale einskapsregjeringa er i stand til å vise leiarskap ved på fredeleg vis å snu utfordringar og hindringar til det positive og til å styrkje gjennomføringa av den samla fredsplanen i ei ånd av gjensidig tillit, respekt og engasjement.

Den europeiske unionen oppmodar Det nasjonale kongresspartiet og Den sudanske folkefrigjeringsrørsla til å samarbeide om å nå måla i CPA, og samtidig å ta omsyn til at eit fredeleg, demokratisk, framgangsrikt og sameint Sudan – der alle folk kan leve saman i fridom og rettane deira blir respekterte fullt ut – er ei oppgåve som omfattar meir enn tilhøvet mellom nord og sør i landet.

Den europeiske unionen legg vekt på vurderings- og evalueringskommisjonen (AEC) som det viktigaste middelet til å overvake og fremje gjennomføringa av CPA. AEC er ein viktig mekanisme for dialog mellom partane og nokre av dei sentrale internasjonale partnarane i CPA. Den europeiske unionen vil gjerne understreke at han er forplikta til å styrkje rolla til AEC ytterlegare i arbeidet med å sikre full gjennomføring av CPA.

Framgang i gjennomføringa av fredsavtalen i aust er framleis viktig, og innsatsen for å finne ei fredeleg løysing på konflikten i Darfur må forsterkast.

Når det gjeld Darfur, må alle ansvarlege partar forplikte seg til å respektere ein snarleg stans i kamphandlingane og å gå inn i nye, seriøse politiske forhandlingar. UNAMID spelar ei avgjerande rolle, og alt må gjerast for at dette oppdraget skal kunne gjennomførast til fulle. Fullstendig og trygg tilgang til humanitære tenester må sikrast for å stette behova til folket i Darfur.

Den samla fredsavtalen ber i seg visjonen om eit fredeleg, stabilt og framgangsrikt Sudan, som er grunnleggjande for heile landet og for den vidare regionen. Den europeiske unionen forventar at partane lever opp til sine gjensidige plikter slik dei kjem til uttrykk i CPA.

Den europeiske unionen vil framleis vere ein engasjert partnar til støtte for gjennomføringa av fredsavtalen og i all innsats for å føre fred og framgang til folket i Sudan.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.