Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den vedvarande interneringa av Michel Kilo og Mahmoud Issa (22.12.08)

Den europeiske unionen seier seg lei for avgjerda i den syriske kassasjonsdomstolen om å seie nei til at Michel Kilo og Mahmoud Issa vert sette fri før tida.

Den europeiske unionen seier seg lei for avgjerda i den syriske kassasjonsdomstolen om å seie nei til at Michel Kilo og Mahmoud Issa vert sette fri før tida.

Den europeiske unionen ønskjer ikkje å uttale seg om lovgrunnlaget for prosedyren som er nytta, men unionen ber om at Kilo og Issa, som er dømde til fengsel berre for å ha oppmoda den syriske og den libanesiske regjeringa om å normalisere sine relasjonar og definere grensene seg imellom, gjennom å underteikne Damaskus-Beirut/Beirut-Damaskus-erklæringa, vert sette fri omgåande.

I år feirar vi at det er 60 år sidan Den universelle menneskerettserklæringa vart vedteken, og Den europeiske unionen ber dei syriske styresmaktene om å etterleve sine internasjonale forpliktingar, særleg dei som kjem til uttrykk i denne erklæringa og i Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar, som Syria underteikna og ratifiserte i 1969.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.