Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dommen mot Kamal Labwani (08.05.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen fordømmer avgjerda nyleg i ein syrisk domstol om å forlengje den 12 år lange fengselsstraffa til Kamal Labwani med 3 nye år, fordi han skal ha spreidd informasjon som hadde som siktemål å undergrave nasjonens moral, i medhald av artikkel 286 i straffelova.

Den europeiske unionen fordømmer avgjerda nyleg i ein syrisk domstol om å forlengje den 12 år lange fengselsstraffa til Kamal Labwani med 3 nye år, fordi han skal ha spreidd informasjon som hadde som siktemål å undergrave nasjonens moral, i medhald av artikkel 286 i straffelova.

Denne avgjerda er eit klart brot med rettsstatsprinsippa, og ho er i strid med Syrias internasjonale forpliktingar og dei tilsegner landet har kome med, særleg slik desse kjem til uttrykk i Den universelle menneskerettserklæringa og i Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar, som Syria underteikna og ratifiserte i 1969, og som klart slår fast retten til ytringsfridom, retten til forsamlingsfridom og retten til å verte behandla på ein human og respektfull måte under fangenskap.

Den europeiske unionen rettar difor ei inntrengjande oppmoding til dei relevante syriske styresmaktene om å oppheve denne dommen og straks sleppe Labwani fri.

Inntil det ligg føre ei slik avgjerd, ber EU den syriske regjeringa innstendig om å garantere at han får tilfredsstillande behandling og soningsvilkår i fengselet.

Den europeiske unionen nyttar dette høvet til å oppmode den syriske regjeringa om å vurdere sakene til alle politiske fangar og samvitsfangar på nytt, i samsvar med Syrias nasjonale forfatning og landets internasjonale forpliktingar og tilsegner når det gjeld menneskerettar, og straks frigje alle slike fangar.

Den europeiske unionen oppmodar dei syriske styresmaktene til å ta opp att dialogen med det syriske sivilsamfunnet.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Georgia og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.