Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den offisielle utnemninga av ny thailandsk regjering 6. februar 2008 (07.02.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen ser positivt på at demokratiet er tilbake i Thailand, og ønskjer til lukke med den nydanna thailandske regjeringa.

Den europeiske unionen ser positivt på at demokratiet er tilbake i Thailand, og ønskjer til lukke med den nydanna thailandske regjeringa.

Den europeiske unionen ser fram til å ha eit nært og produktivt samkvem med den nye regjeringa i pakt med den årelange venskapen mellom Thailand og Den europeiske unionen.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.