Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av EU om dødsstraff i USA (25.04.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den 11. september 2007 appellerte EU-ambassadørane i Washington til guvernøren i Kentucky, Eric Fletcher, om å hindre avrettinga av Ralph Baze, ei avretting som ville ha brote eit defactomoratorium som har vore i kraft i staten Kentucky sidan 1999.

Den 11. september 2007 appellerte EU-ambassadørane i Washington til guvernøren i Kentucky, Eric Fletcher, om å hindre avrettinga av Ralph Baze, ei avretting som ville ha brote eit defactomoratorium som har vore i kraft i staten Kentucky sidan 1999.

Den 16. april 2008 fatta høgsteretten i USA ei avgjerd som vil tillate vidare bruk av dødeleg injeksjon av den typen staten Kentucky praktiserer. Den europeiske unionen er skuffa over denne høgsterettsavgjerda og ber på ny guvernøren gjere om dommen mot Baze.

EU minner om sin mangeårige motstand mot dødsstraff under alle omstende. Vi strevar difor etter å få dødsstraff avskaffa overalt, og søkjer eit globalt moratorium på dødsstraff som eit første steg. Vi meiner at avskaffing av dødsstraff er fundamentalt viktig for vernet om menneskeverdet og den gradvise utviklinga av menneskerettane.

EU minner om at hovudforsamlinga i FN den 18. desember 2007 vedtok ein resolusjon om eit moratorium på bruken av dødsstraff som uttrykkeleg oppmodar alle statar som framleis har dødsstraff, til å innføre eit moratorium på avrettingar med sikte på å avskaffe dødsstraffa.

EU minner om at alle justismord ved bruk av dødsstraff representerer uopprettelege og irreversible tap av menneskeliv. Eit rettssystem er aldri immunt mot feil, og det kan ikkje provast at dødsstraff har noko for seg som avskrekkingsmiddel.

I lys av denne høgsterettsavgjerda oppmodar vi sterkt om at defactomoratoriet som ligg føre innanfor USA blir vidareført, slik at debatten kan halde fram og desse komplekse spørsmåla kan bli grundig drøfta.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova og Aserbajdsjan stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.