Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga av José Medellin i USA (Texas) (11.08.08)

EU seier seg svært lei for at den meksikanske statsborgaren José Medellin vart avretta 5. august 2008 i staten Texas i USA, trass i fleire appellar frå unionen og vedtak i Den internasjonale domstolen.

EU seier seg svært lei for at den meksikanske statsborgaren José Medellin vart avretta 5. august 2008 i staten Texas i USA, trass i fleire appellar frå unionen og vedtak i Den internasjonale domstolen.

EU stadfester på nytt sin motstand mot dødsstraff under alle omstende. Dødsstraffa er ei krenking av mennesket. Det finst ingen sikker dokumentasjon på at dødsstraffa har nokon preventiv verknad, og om nokon vert dømt til døden på feil grunnlag, vil skaden vere uoppretteleg og kan aldri gjerast god igjen.

EU oppmodar USA om å innføre eit moratorium for avrettingar med sikte på å avskaffe dødsstraffa, i samsvar med FNs generalforsamling sin resolusjon av 18. desember 2007.

EU seier seg svært lei for at José Medellin ikkje fekk gjere bruk av retten sin til konsulær bistand, slik han hadde krav på etter Wien-konvensjonen om konsulært samkvem av 24. april 1963, og at styresmaktene i Texas ikkje tok omsyn til vedtaket i Den internasjonale domstolen 16. juli 2008, som bad om at avrettinga av han og fire andre meksikanske statsborgarar vart utsett. EU ber staten Texas om å utsetje avrettingane av dei fire andre fangane.

EU oppmodar både dei amerikanske styresmaktene på det føderale plan og styresmaktene i staten Texas om å gjennomføre dei lovgjevingsmessige tiltaka som trengst for at vedtaka i Den internasjonale domstolen skal få tilbørleg effekt.

EU ber USA om å stå ved alle sine internasjonale forpliktingar, og særleg gjere alt som kan gjerast for å sikre at rettane til utanlandske statsborgarar etter internasjonale konvensjonar, som f.eks. Wien-konvensjonen frå 1963, som er ratifisert av USA, vert respekterte.

Søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Aserbajdsjan, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.