Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av EU om avskaffinga av dødsstraff i Usbekistan (04.01.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU ser positivt på at Usbekistan 1. januar 2008 avskaffa dødsstraffa. Vi ønskjer den usbekiske regjeringa og det usbekiske folket til lykke med denne viktige avgjerda, og EU oppmodar den usbekiske regjeringa til å gjennomføre vedtaket heilt og fullt og å reformere rettsvesenet ytterlegare.

Medlemmene i Den europeiske unionen ser på avskaffing av dødsstraff som ein måte å styrkje menneskeverdet på. Den europeiske unionen stadfester at organisasjonen har til mål å arbeide for avskaffing av dødsstraff i alle land. Organisasjonen ser på avskaffinga i Usbekistan som eit viktig steg på vegen mot dette målet, og vonar at denne avgjerda vil oppmuntre andre land i regionen til å følgje etter.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.