Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om enkeltsaker i Usbekistan (28.10.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen, som viser til vedtaket som vart gjort av Rådet for allmenne saker og eksterne relasjonar 13. oktober 2008, er glad for at dei to usbekiske menneskerettsaktivistane Dilmurod Mukhiddinov og Mamarajab Nazarov er sette fri.

Unionen oppmodar dei usbekiske styresmaktene til å frigje også alle dei andre menneskerettsforkjemparane og fangane som EU ved fleire høve har teke opp sakene til.

Den europeiske unionen seier seg glad for at den kjende menneskerettsforkjemparen Mutabar Tadjibaeva, som er sett fri på prøve, har fått løyve til å reise utanlands, for å ta imot Martin Ennals-prisen for 2008, ein pris som kvart år vert gjeven til ein person som har vist eit særleg engasjement i kampen mot brot på menneskerettane.

Den europeiske unionen gjev likevel på nytt uttrykk for djup uro over at den uavhengige journalisten Salijon Abdurakhmanov og menneskerettsaktivisten Agzam Turgunov nyleg vart dømde til fengsel i 10 år.

Den europeiske unionen rettar ei inntrengjande oppmoding til dei usbekiske styresmaktene om å overhalde plikta til å verne fengsla personar mot mishandling, og gjennomføre ei grundig etterforsking av dei påstandane Salijon Abdurakhmanov og Agzam Turgunov sette fram under rettssaka mot dei. Den europeiske unionen håpar at dei snart vert sette fri, og at dei får høve til å prøve saka si i ein rettferdig ankeprosess.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.