Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om usbekiske enkeltsaker (16.12.08)

Med tilvising til avgjerda i Rådet for generelle saker og eksterne relasjonar den 13. oktober 2008 ser Den europeiske unionen positivt på lauslatinga av to usbekiske menneskerettsforsvararar, Dilmurod Mukhiddinov og Mamarajab Nazarov, og på at den kjende menneskerettsforsvararen fr. Tadjibaeva har fått utreiseløyve etter først å ha blitt lauslaten på prøve.

Den europeiske unionen uttrykkjer på ny sterk uro over dommane på ti års fengsel mot den uavhengige journalisten Salijon Abdurakhmanov og menneskerettsforsvararen Agzam Turgunov. Begge dommane er stadfeste etter å ha vore anka.

Den europeiske unionen oppmodar innstendig om at dei usbekiske styresmaktene må rette seg etter plikta til å sikre at fangar ikkje blir mishandla, og om at påstandane frå Salijon Abdurakhmanov og Agzam Turgunov må bli grundig etterforska.

I år, då vi feirar 60-årsjubileet for FNs menneskerettserklæring, forventar Den europeiske unionen at dei usbekiske styresmaktene set fri Salijon Abdurakhmanov, Agzam Turgunov og alle andre menneskerettsforsvararar og fangar som Den europeiske unionen fleire gonger har gjort dei merksame på, og set ein stoppar for all trakassering av menneskerettsforsvararar.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Molodova stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.