Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om frigjevinga av menneskerettsforsvararar i Usbekistan (14.02.08)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen ser positivt på at det mellom 2. og 4. februar 2008 vart sett fri fire menneskerettsforsvararar i Usbekistan.

Den europeiske unionen ser positivt på at det mellom 2. og 4. februar 2008 vart sett fri fire menneskerettsforsvararar i Usbekistan, nemleg Saidjahon Zainabitdinov, Ikhtior Khamraev, Ulugbek Kattabaev og Bobomurod Mavlanov, og at prøvetida er oppheva for to andre menneskerettsforsvararar, Gulbahor Turaeva og Umida Niazova, som vart lauslatne frå fengsel i fjor. Dette er eit positivt steg når det gjeld å fremje og tryggje menneskerettane i Usbekistan.

Likevel merkjer Den europeiske unionen seg at fleire menneskerettsforsvararar enno sit fengsla. Særleg er EU alvorleg bekymra over fengslinga av Mutabar Tadjibaeva. Den europeiske unionen oppmodar på ny om at den usbekiske regjeringa snarleg må setje fri alle fengsla menneskerettsforsvararar. Den europeiske unionen oppodar Usbekistan til å gjennomføre ytterlegare tiltak for å sikre respekten for menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane og for rettsstatsprinsippa.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*    Kroatia og den tidlegar jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.