Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve den internasjonale dagen mot dødsstraff (10.10.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

I dag, 10. oktober, høgtidar Den europeiske unionen den sjette internasjonale og den andre europeiske dagen mot dødsstraff.

EU applauderer vedtaka som er gjort av Albania, Argentina, Cook Islands og Usbekistan om å avskaffe dødsstraffa i alle samanhengar.

Unionen merkjer seg at Kasakhstan og Kirgisistan har vedteke å avskaffe dødsstraffa for vanlege brotsverk. EU oppmodar styresmaktene i begge desse landa om å utvide vedtaket, slik at det omfattar alle brotsverk.

EU er svært uroa over at dødsstraffa er innført på nytt i Liberia.

EU understrekar på nytt sin absolutte motstand mot all bruk av dødsstraff. EU er overtydd om at avskaffing av dødsstraffa er ein integrert del av respekten for menneskerettane og for menneskeverdet. EU støttar alle tiltak som tek sikte på å avskaffe dødsstraffa. Svært mange avrettingar er eit resultat av uopprettelege rettslege mistak. EU seier seg svært lei for at mindreårige og mentalt funksjonshemma personar framleis alt for ofte vert dømde til døden. Unionen seier seg òg lei for praksisen med å avrette dødsdømde offentleg og på umenneskeleg vis.

Stadig fleire statar, no meir enn 130, har teke avstand frå dødsstraffa. I desember 2007 gav FNs generalforsamling for første gong eit klart signal til støtte for avskaffing av denne straffemetoden, då forsamlinga vedtok ein resolusjon som oppmoda om innføring av eit moratorium for bruk av dødsstraff. Denne resolusjonen var resultatet av ein målretta innsats i samarbeid med partnarar frå alle delar av verda. EU applauderer vedtaket av resolusjonen, som markerer eit vendepunkt på vegen mot avskaffing av dødsstraffa over heile verda.

EU vil også halde fram med å støtte initiativ frå sivile organisasjonar som støttar opp om den internasjonale rørsla mot dødsstraff. Unionen helsar alle menneskerettsforkjemparar som med mot og viljestyrke kjempar i felten og samlar initiativ for å skape ei verdsomspennande samvitsrørsle mot dødsstraff.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, det potensielle søkjarlandet Albania, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.