Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om presidentvalet i Zambia (10.11.08)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar:

Den europeiske unionen har følgt nøye med på det zambiske presidentvalet, som vart halde 30. oktober.

Den europeiske unionen har følgt nøye med på det zambiske presidentvalet, som vart halde 30. oktober.

Unionen seier seg glad for den fredelege gjennomføringa av valet, og er tilfreds med arbeidet til den zambiske valkommisjonen (ECZ), som greidde å organisere ei omfattande avrøysting med stor profesjonalitet og på ein open måte, trass i den korte tida kommisjonen hadde til rådvelde. EU seier seg samtidig lei for at det ikkje var tid til ei oppdatering av manntalslistene.

Den europeiske unionen er glad for at valobservatørane har slege fast at valet vart gjennomført i samsvar med SADCs prinsipp for demokratiske val, som føreset fleirpartisystem og ytringsfridom, og at valet vert gjennomført på ein open og gjennomsiktig måte.

Den europeiske unionen, som er ein viktig partnar for Zambia, særleg i samband med utviklingsbistand, håpar at dette valet vil stadfeste stabiliteten i Zambia og landets demokratiske identitet. EU håpar den nye presidenten vil kunne vidareføre arbeidet med å betre levestandarden for det zambiske folket, og samtidig styrkje respekten for rettsstaten.

Den europeiske unionen oppmodar dei zambiske styresmaktene om å rette opp dei eksisterande manglane i valsystemet, og ta omsyn til erfaringane frå valet som nettopp er gjennomført, og til tilrådingane EUs valobservatørar kom med i 2006. EU er reie til å gje Zambia si fulle støtte i dette arbeidet.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.