Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Zimbabwe (16.04.08)

Den europeiske unionen følgjer nøye med på det som skjer i Zimbabwe, og seier seg glad for det ekstraordinære toppmøtet som SADC har halde for å drøfte Zimbabwe, med SADCs formann, Zambias president Mwanawasa, som vertskap. Unionen deler SADCs uro over situasjonen og er glad for det arbeidet organisasjonen gjer for å finne ei regional løysing.

Den europeiske unionen støttar oppmodinga frå toppmøtet om å offentleggjere resultatet av presidentvalet snarast, i samsvar med lov og rett. Unionen understrekar på nytt si uro over at det har teke så lang tid å offentleggjere resultatet, utan at det har vore gjeve nokon god grunn til det, og at dette undergrev truverdet til prosessen.

Den europeiske unionen er djupt uroa over den forverra situasjonen for menneskerettane  og dei stadig fleire rapportane om valdelege episodar.
Den europeiske unionen understrekar på nytt at det er viktig at dei demokratiske prinsippa vert respekterte, og at valet reflekterer den frie og demokratiske viljen til folket i Zimbabwe på ein truverdig måte.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Republikken Moldova og Armenia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.