Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om Georgia (12.11.09)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

EU uttrykkjer djup uro over arrestasjonane av georgiske statsborgarar den siste tida, særleg arrestasjonen 4. november av fire mindreårige på den administrative grenselinja mot Sør-Ossetia, Georgia, og ber innstendig om at alle som vert haldne internerte, må setjast fri.

EU uttrykkjer djup uro over arrestasjonane av georgiske statsborgarar den siste tida, særleg arrestasjonen 4. november av fire mindreårige på den administrative grenselinja mot Sør-Ossetia, Georgia, og ber innstendig om at alle som vert haldne internerte, må setjast fri.

EU understrekar at det må takast omsyn til dei særlege rettane til mindreårige fangar i samsvar med internasjonale standardar, spesielt FN-konvensjonen om rettane til barnet.

EU oppmodar alle partar om å finne ei løysing på slike hendingar innanfor eksisterande ordningar, og særleg om å dra full nytte av tenestene til EUs observatørgruppe og hendingsførebyggings- og reaksjonsordninga. I denne samanhengen understrekar EU at unionen støttar samtalane i Genève, og oppmodar til eit konstruktivt og varig engasjement frå alle partar.

EU ber alle partar bruke påverkingskrafta si til å hindre at det oppstår fleire slike hendingar, og gjentek at unionen har full respekt for Georgias suverenitet og territoriale integritet innanfor dei internasjonalt godkjende grensene.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Aserbajdsjan sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.