Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den internasjonale dagen mot bruk av barnesoldatar 12. februar (12.02.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

På den internasjonale dagen mot bruk av barnesoldatar understrekar Den europeiske unionen trongen for å trappe opp arbeidet på alle plan for å verne born mot verknadene av krig, medrekna det å verte bortført for å tene som stridande, sexslavar eller tenarar.

På den internasjonale dagen mot bruk av barnesoldatar understrekar Den europeiske unionen trongen for å trappe opp arbeidet på alle plan for å verne born mot verknadene av krig, medrekna det å verte bortført for å tene som stridande, sexslavar eller tenarar.

EU set søkjeljoset på at verknadene av væpna konflikt på born på kort, mellomlang og lang sikt må takast opp på ein effektiv, berekraftig og omfattande måte.

EU er framleis djupt uroa over situasjonen med born som lir skade på grunn av væpna konfliktar rundt om i verda. Tretten år etter Graça Machels banebrytande studie ‘Verknaden av væpna konflikt på born’ går det framleis for seint for dei fleire titusen av born som framleis kjempar i styrkar i ulike land, eller er viktimisert på grunn av ein væpna konflikt.

Born vert framleis bortførte, drepne, lemlesta og valdtekne eller seksuelt misbrukte på andre måtar. Skular og sjukehus der born er innlagde, vert framleis utsette for åtak, og born vert framleis nekta humanitær hjelp. I nye typar av væpna konflikt, der sivile ikkje alltid er trygge, lir born endå meir. Jenter er særleg skadelidande på grunn av den aukande bruken av seksualisert vald som krigsvåpen.

I tråd med retningslinene sine om born som lir skade på grunn av væpna konflikt, stadfestar EU si faste støtte til arbeidet til Dei sameinte nasjonane, særleg Kontoret til Generalsekretærens spesialrepresentant for born og væpna konflikt, og overvakings- og rapporteringsordninga om born og væpna konflikt, som vart utarbeidd på grunnlag av tryggingsrådsresolusjon 1539 (2004) og 1612 (2005), og til gjennomføringa av tryggingsrådsresolusjon 1820 om seksualisert vald i konflikt. EU stadfestar si fulle støtte til arbeidet til Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i kampen mot straff-fridom for rekruttering og bruk av barnesoldatar.

EU uttrykkjer vidare si støtte til Paris-skyldnadene og -prinsippa om born som er tilknytte væpna styrkar eller grupper; det første ministermøtet der desse vart følgde opp, vart halde i New York i september 2008 og fokuserte på konkrete langsiktige tiltak på området reintegrering av tidlegare barnesoldatar. I denne samanhengen ber EU innstendig dei ulike partane som er involverte i demobiliserings-, nedrustings- og reintegreringsprosessane om å leggje tilstrekkelig vekt på born, særleg jenter. EU støttar framleis også tiltak frå sivilsamfunnsorganisasjonar som fremjar barnerettar i væpna konflikt.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.