Historisk arkiv

Erklæring frå EU og Sambandsstatane etter avgjerda frå den internasjonale skilsdomstolen om fastsetjing av grensene i Abyei-regionen (22.07.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Erklæring frå Den europeiske unionen og Sambandsstatane etter avgjerda frå den internasjonale skilsdomstolen om fastsetjing av grensene i Abyei-regionen (22.07.09).

Avgjerda frå den internasjonale skilsdomstolen om grensene i den omstridde Abyei-regionen er eit viktig steg vidare i gjennomføringa av den samla fredsplanen (CPA) og er svært viktig for heile Sudan.

Begge partane i CPA har forplikta seg til å godta avgjerda frå domstolen som endeleg og bindande. USA og EU oppmodar saman begge partane i CPA – Det nasjonale kongresspartiet og Det sudanske folkets frigjeringsrørsle – om straks å gjennomføre avgjerda frå panelet i den internasjonale skilsdomstolen i Haag. Begge partane må bruke autoriteten og innverknaden dei har for å sikre at avgjerda frå domstolen vert respektert og gjennomført på fredeleg vis. USA og EU understrekar kor viktig det er at partane samarbeider for å informere ibuarane om avgjerda frå domstolen og sikre at rettane til personane og lokalsamfunna dette gjeld, vert respekterte fullt ut.

Dei væpna styrkane i Sudan og Det sudanske folkets frigjeringsrørsle må unngå konfrontasjonar, og EU og USA ventar at alle partar samarbeider fullt ut med FN-styrken i Sudan (UNMIS). EU og USA understrekar òg at dei støttar vurderings- og evalueringskommisjonen (AEC) i arbeidet med å overvake gjennomføringa av CPA. USA og EU er klare til å samarbeide vidare med alle relevante partar for å bringe fred, stabilitet og velstand til Sudan.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på EUs sider