Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om APRM i høve møtet i APRM-forumet (mellom stats- og regjeringssjefar) i Addis Abeba 28.-29. januar 2009 (28.01.09)

Når dei 29 statsoverhovuda og regjeringssjefane no møtest i Addis Abeba til toppmøtet i forumet for APRM (the African Peer Review Mechanism), ønskjer Den europeiske unionen å gje uttrykk for si fulle støtte til APRM-prosessen.

Når dei 29 statsoverhovuda og regjeringssjefane no møtest i Addis Abeba til toppmøtet i forumet for APRM (the African Peer Review Mechanism), ønskjer Den europeiske unionen å gje uttrykk for si fulle støtte til APRM-prosessen.

EU erkjenner og respekterer fullt ut at APRM-prosessen er ein afrikansk prosess som er leidd av afrikanarar.

Med 9 land evaluert av totalt 29, og med nasjonale dialogar som har opna mykje rom for å diskutere offentleg politikk, for alle interessentar, er denne mekanismen allereie ein stor suksess. Dei nasjonale diskusjonane og utarbeidinga av handlingsprogram utgjer ein intern styringsprosess som i seg sjølv er eit positivt resultat. Utfordringa no er å få til ei vellykka gjennomføring av handlingsprogramma, særleg deltakingsaspektet.

EU rosar det avtroppande panelet for den opne haldninga og kvaliteten som har prega evalueringane dei har gjennomført og rapportane dei har utarbeidd. EU meiner òg at måten det avtroppande panelet var sett saman på, som reflekterte mangfaldet på det afrikanske kontinentet og i dei afrikanske underregionane, har medverka sterkt til det som er oppnådd dei siste fem åra. Når panelet no skal få nye medlemmer, er det viktig at ein held fast på dette momentet. Med det engasjementet dei deltakande stats- og regjeringssjefane viser for denne innovative og dristige kontinentale prosessen, er ikkje EU i tvil om at det nye panelet vil vidareføre truverdet, integriteten og mangfaldet som er nokre av dei grunnleggjande trekka ved APRM-prosessen.

EU gjev si fulle støtte til prosessen som skal gjere APRM til eit verkty for Den afrikanske unionens agenda for god statsstyring. I den samanhengen vil EU gjerne minne om at APRM er eit prioritert tiltak i det strategiske partnarskapet mellom Afrika og EU for demokratisk styring og menneskerettar, som har som siktemål å skape ein robust afrikansk arkitektur for god styring, som EU støttar fullt og heilt opp om.

Søkjarlandet Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.