Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Afghanistan (25.08.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen gratulerer folket i Afghanistan med gjennomføringa av president- og provinsvalet under utfordrande tilhøve, og understrekar at det framleis trengst ein truverdig og inkluderande prosess.

Den europeiske unionen gratulerer folket i Afghanistan med gjennomføringa av president- og provinsvalet under utfordrande tilhøve, og understrekar at det framleis trengst ein truverdig og inkluderande prosess.

Vi seier seg leie for tapet av liv, men vi meiner at tryggingstiltaka på ein vellukka måte hindra større forstyrringar av valet. Vi rosar dei afghanske nasjonale tryggingsstyrkane, som fekk støtte av internasjonale styrkar, for denne innsatsen.

EUs valobservasjonsgruppe, som vert leidd av general Morillon, spelar ei viktig rolle i å gje ei uavhengig og upartisk vurdering av valet. EU støttar fullt ut arbeidet og innsatsen til EOM, som vil vera til stades til dei siste resultata er kunngjorde, og seier seg glad for rapporten frå EOM, som inneheld førebelse funn om valet.

EU merkar seg med uro rapportane om avvik og fusk. Vi lit på at Den uavhengige valkommisjonen, Valklagekommisjonen og Mediaklagekommisjonen vil drøfte alle avvik på ein samvitsfull, open, upartisk og rettidig måte.

EU oppmodar alle interessentar til å fremje nasjonal einskap og stabilitet, til å avstå frå å uttale seg om resultatet på førehand og til å nytte seg av berre lovlege middel og vedkomande statsinstitusjonar for å løyse tvistar og klager. EU erkjenner at Afghanistan no går inn i ein ny fase i valprosessen, og oppmodar alle kandidatane til å framleis vise ansvar og respekt for demokratiske prinsipp.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

Les erklæringa på nettsida til EU.