Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen til støtte for meklingsinnsatsen til Oscar Arias (11.08.09)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen stadfestar at han framleis støttar alle meklingsfreistnader til presidenten i Costa Rica, Oscar Arias, og OAS, og oppmodar dei involverte aktørane til å sjå konstruktivt på San José-avtalen, på dette avgjerande stadiet i forhandlingane.

EU ber innstendig dei aktørane som er involverte i meklinga, om å halde fram med fredelege forhandlingar med sikte på å atterreise demokratiet og den konstitusjonelle ordenen i Honduras.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.