Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om Armenia og Tyrkia (12.10.09)

EU seier seg glad for at Armenia og Tyrkia 10. oktober i Zürich underteikna dei to protokollane om oppretting av diplomatisk samkvem og utvikling av bilaterale relasjonar mellom dei to landa, blant anna opning av den felles grensa.

EU seier seg glad for at Armenia og Tyrkia 10. oktober i Zürich underteikna dei to protokollane om oppretting av diplomatisk samkvem og utvikling av bilaterale relasjonar mellom dei to landa, blant anna opning av den felles grensa.

EU oppmodar Armenia og Tyrkia om å forplikte seg vidare i normaliseringsprosessen og tek til orde for at protokollane må ratifiserast og gjennomførast snarast råd.

EU meiner at fullstendig normalisering av dei bilaterale relasjonane mellom Armenia og Tyrkia vil vere eit avgjerande  bidrag til tryggleik, stabilitet og samarbeid i denne viktige regionen, og unionen vil tilby vidare politisk og teknisk støtte til prosessen.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU (PDF).