Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om skipinga av ein regional menneskerettskommisjon i ASEAN (03.08.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen gratulerer ASEAN med skipinga av den nye mellomstatlege menneskerettskommisjonen (AICHR).

Den europeiske unionen gratulerer ASEAN med skipinga av den nye mellomstatlege menneskerettskommisjonen (AICHR).

Vedtakinga av mandatet for AICHR på ministermøtet i ASEAN i Phuket i Thailand den 20. juli 2009 er eit viktig steg i utviklinga av ASEAN som ein organisasjon som forsvarar verdiane i dei universelle menneskerettane.

Den europeiske unionen erkjenner kor viktig det er at det vert skipa slike regionale organisasjonar for vern og fremjing av menneskerettane rundt om i verda. AICHR vil verte den første organisasjonen av dette slaget i Asia-Stillehavsområdet og kan difor vere eit føredøme for heile området.

I denne samanhengen oppmodar Den europeiske unionen ASEAN til å gjennomføre mandatet og la framtidige operasjonar i AICHR verte gjennomførde i samsvar med Paris-prinsippa, for å verne menneskerettane til alle einskildpersonar i ASEAN.

Oppnemning av nasjonale representantar som er kjende for å ha integritet og sakkunnskap i menneskerettsspørsmål, og engasjement i dialog med sivilsamfunnsorganisasjonar vil vere eit viktig første steg i denne samanhengen.

Den europeiske unionen ser fram til å halde fram arbeidet i partnarskap med ASEAN om menneskerettsspørsmål og står klar til å tilby hjelp og dele erfaringar på dette området, også i den vidare utviklinga av AICHR.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.