Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om ei snarleg avretting av ungdommane Behnoud Shojaee, Reza Padashi og Hossein Haghi i Iran (08.09.09)

Norsk tilslutning til ei EU-erklæring om avretting av ungdommane Behnoud Shojaee, Reza Padashi og Hossein Haghi i Iran.

Den europeiske unionen er djupt uroa over rapportar om ei snarleg avretting av Behnoud Shojaee, som vart funnen skuldig og dømd til døden for eit brotsverk som vart gjort då han var mindreårig. EU minner om den siste brevvekslinga si med regjeringa i Den islamske republikken Iran om denne saka og erklæringa si av 23. mai 2008.

EU uttrykkjer vidare djup uro over meldingar om at Reza Padashi og Hossein Haghi, som òg er dømde til døden for brotsverk som vart gjorde då dei var mindreårige, står overfor snarlege avrettingar.

EU merkar seg at desse avrettingane vil vere eit direkte brot på internasjonalt regelverk som Den islamske republikken Iran er bunden av, nærmare bestemt FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og FN-konvensjonen om barnerettane, som begge eintydig forbyr avretting av mindreårige og personar som er dømde for brotsverk som vart gjorde då dei var mindreårige.

EU ber innstendig Den islamske republikken Iran etterleve folkeretten og stanse avrettingane av Shojaee, Padashi, Haghi og alle andre ungdomskriminelle og samtidig vurdere alternative straffer for ungdomskriminelle og følgje internasjonale normer og standardar som fastset reglar for å sikre vernet av rettane til personar som er dømde til døden.

EU fordømmer at dødsstraff og avretting framleis er utbreidd i Den islamske republikken Iran. Samtidig stadfestar EU sin langvarige motstand mot dødsstraff i alle samanhengar og minner om at kvart tilfelle av feil domsavseiing som fører til bruk av dødsstraff, medfører eit uoppretteleg og ugjenkalleleg tap av menneskeliv. Formannskapet oppmodar på nytt dei iranske styresmaktene til å avskaffe dødsstraffa heilt og ber om at det i mellomtida vert innført eit moratorium på avrettingar, slik det innstendig vert oppmoda til i resolusjonane 62/149 og 63/168 frå FNs generalforsamling.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova , sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen

Les erklæringa på EUs nettsider (PDF).