Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om skipinga av ny regjering i Bangladesh (13.01.09)

Den europeiske unionen helsar med glede den vellykka gjennomføringa av parlamentsvalet i Bangladesh 29. desember 2008 og den påfølgjande utnemninga av ny regjering i Bangladesh.

Den europeiske unionen helsar med glede den vellykka gjennomføringa av parlamentsvalet i Bangladesh 29. desember 2008 og den påfølgjande utnemninga av ny regjering i Bangladesh.

Unionen gratulerer Sheikh Hasina med valsigeren og utnemninga til statsminister i Bangladesh, og rosar folket i Bangladesh for deira engasjement for demokratiske fleirpartival. Valet er eit godt grunnlag for ei ny demokratisk utvikling i Bangladesh.

EU er glad for at maktoverføringa har starta på ein smidig og konstruktiv måte. Unionen håpar at det nyvalde parlamentet og den nyskipa regjeringa vil fungere på ein stabil, korrekt og effektiv måte, og at dei no kan starte arbeidet med dei spørsmåla som er avgjerande for framtida til Bangladesh, som for eksempel ei styrking av det demokratiske systemet og rettsstaten, gjeninnføring av ei heilt uavhengig domsmakt og respekt for menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane.

EU oppmodar dei nyvalde styresmaktene til å arbeide vidare med ei rekkje av dei reformene som forretningsministeriet tok initiativ til, særleg dei som gjeld antikorrupsjonskommisjonen, den nasjonale menneskerettskommisjonen, valkommisjonen, kommisjonen for offentlege tenester og spørsmål som gjeld minoritetar og flyktningar.

Den europeiske unionen understrekar på nytt si støtte til folket i Bangladesh og deira innsats for å opprette fullt ut demokratiske institusjonar i landet. EU er reie til å hjelpe dei i arbeidet med å byggje eit velståande og stabilt samfunn, basert på dei demokratiske prinsippa og på rettsstaten. Den vellykka utstasjoneringa av eit fullt sendelag av observatørar frå EU under valet vitnar om dette vedvarande engasjementet.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.