Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter avgjerda i Den internasjonale straffedomstolen om arrestordren på president Al-Bashir (06.03.09)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen har merkt seg at det saksførebuande kammeret i Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har vedteke å utferde arrestordre på presidenten i Sudan, Omar Hassan Al-Bashir, i samband med påstandar om brotsverk mot menneskeslekta og krigsbrotsverk i Darfur.

EU stadfester på nytt si fulle støtte til og sin respekt for ICC og nøkkelrolla denne domstolen spelar i arbeidet for internasjonal lov og rett.

I resolusjon 1593 (2005) frå FNs tryggingsråd vart situasjonen i Darfur lagd fram for ICC for at domstolen skulle granske påstandar om alvorlege brot på den humanitære folkeretten og menneskerettane. Tryggingsrådet vedtok at ”regjeringa i Sudan og alle andre partar i konflikten i Darfur skal samarbeide fullt ut og yte all nødvendig hjelp til domstolen og aktor”.

Som fleire gonger før, blant anna på rådsmøtet som fann stad 16. juni 2008, rettar EU ei sterk oppmoding til regjeringa i Sudan og alle andre partar i konflikten om å samarbeide fullt ut med ICC for å oppfylle pliktene sine etter folkeretten og for å kjempe mot straffridom i Darfur.

I denne samanhangen minner EU òg om erklæringa av 31. mars 2008 frå EU-formannskapet på vegner av EU om årsdagen for framlegginga av situasjonen i Darfur/Sudan for ICC, og om erklæringa av 24. november 2008 frå EU-formannskapet på vegner av EU om ICC-aktorens oppmoding om å utferde arrestordrar på medlemmer av opprørsgrupper som skal vere ansvarlege for det dødelege åtaket på soldatar frå Den afrikanske unionen i Haskanita 29. september 2007.

EU rettar ei inntrengjande oppmoding til regjeringa i Sudan og opprørsgruppene i Darfur om å vise atterhald i den noverande situasjonen, om straks å stanse dei fiendtlege handlingane, om å leggje til rette for vidare utplassering av og full gjennomføring av mandatet til FN-styrken i Darfur (UNAMID) og for innsatsen til humanitære organisasjonar, som er avgjerande for at millionar av sivile i Darfur skal overleve, og om å fremje regional stabilitet, blant anna gjennom ei vidare normalisering av sambandet mellom Sudan og Tsjad.

EU minner alle partar i konflikten om at dei er forplikta til å verne sivilbefolkninga og overhalde menneskerettane og dei allmenne prinsippa i humanitærretten.

EU understrekar på nytt sine vedvarande forpliktingar og sitt engasjement overfor folket i Sudan og oppmodar alle partar om å styrkje innsatsen for å finne ei varig politisk løysing på konflikten i Darfur, i samband med meklingsprosessen som vert leidd av Den afrikanske unionens og FNs felles sjefsmeklar, Djibrill Bassolé, og tilrettelagd av regjeringa i Qatar.

Den europeiske unionen seier seg glad for avtalen om godvilje og bygging av tillit som vart underteikna 17. februar 2009 i Doha i Qatar mellom regjeringa i Sudan og Rettferds- og likskapsrørsla (JEM), og minner om erklæringa av 20. februar 2009 frå formannskapet på vegner av EU.

EU stadfester på nytt kor viktig det er at den samla fredsavtalen vert gjennomført i god tru, og minner i denne samanhangen om erklæringa av 9. januar 2009 om fireårsdagen for underteikninga av avtalen.

EU er reie til framleis å arbeide saman med relevante partar og til å bidra til fred, rettferd og stabilitet i heile Sudan med alle eigna verkemiddel.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.