Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om israelske busetjingar (09.09.09)

Norsk tilslutning til ei EU-erklæring om israelske busetjingar.

Den europeiske unionen er djupt uroa over at Israel har godkjent bygging av fleire busetjingar. Busetjingar er ulovlege etter folkeretten og hindrar fred. Den europeiske unionen oppmodar på nytt Israel til å stogge busetjingsverksemda straks, medrekna i Aust-Jerusalem og medrekna naturleg vekst, og å avvikle alle utpostar som er sette opp sidan mars 2001. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Armenia og Aserbajdsjan sluttar seg til denne erklæringa.

 * Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Erklæringa kan lesast på EUs nettsider (PDF).