Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om første runde av forhandlingane i Doha om Darfur (20.02.09)

Den europeiske unionen seier seg glad for avtalen om godvilje og bygging av tillit, som vart underteikna 17. februar 2009 i Doha i Qatar, mellom den nasjonale einskapsregjeringa i Sudan og Rettferds- og likskapsrørsla.

Den europeiske unionen seier seg glad for avtalen om godvilje og bygging av tillit, som vart underteikna 17. februar 2009 i Doha i Qatar, mellom den nasjonale einskapsregjeringa i Sudan og Rettferds- og likskapsrørsla.

I avtalen har dei to partane klart forplikta seg til å arbeide for ei politisk løysing på konflikten i Darfur.

Den europeiske unionen ber partane innstendig om å stå ved dei viktige tilsegnene dei kom med i Doha. Eit viktig første steg er å få på plass ein snarleg avtale om å innstille krigshandlingane.

Resultatet av denne første runden av forhandlingar i Doha bør vere starten på ein inkluderande politisk prosess. Den europeiske unionen oppmodar andre rørsler om å slutte seg til prosessen så snart som mogeleg. Verken dei eller sivilsamfunnet skal haldast utanfor. Folket i Darfur må få forsikringar om at deira interesser fullt ut skal takast omsyn til i arbeidet for ei fredeleg og varig løysing på konflikten.

Den europeiske unionen er svært nøgd med den viktige rolla som Den afrikanske unionens og FNs felles sjefsmeklar, Djibrill Bassolé, og regjeringa i Qatar har spela for å få til dette resultatet. Den europeiske unionen oppmodar dei om å vidareføre sitt sterke engasjement. EU er framleis reie til å støtte ei fredeleg utvikling i Sudan, saman med andre partnarar frå det internasjonale samfunnet, regionale og ikkje-regionale.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.