Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om "presidentvalet" i Abkhasia, Georgia (15.12.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU har merkt seg at det vart halde “presidentval” i det georgiske territoriet Abkhasia 12. desember. EU godkjenner ikkje den konstitusjonelle og juridiske ramma rundt dette valet.

EU har merkt seg at det vart halde “presidentval” i det georgiske territoriet Abkhasia 12. desember. EU godkjenner ikkje den konstitusjonelle og juridiske ramma rundt dette valet.

EU held fram med å støtte Georgias territoriale integritet og suverenitet, slik dei er stadfesta i folkeretten. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Aserbajdsjan sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.